tirsdag 12. mai 2015

Mai 2015 - første halvdel

Eg tenkte eg skulle prøve å bli litt flinkare å oppdatere så no prøver eg månad for månad :-)



Tomatplantane er kommet i jorda, men eg ventar stadig med agurk og paprika på grunn av den lavetemperaturen.

I baljen står oppstamma svarthyll og ventar på å bli utplanta. Dei kom litt brått på så me hadde ikkje førebudd plass til dei..

Berre små detaljar står att i kafeen,  me nærmar oss ajour før sesongstart.
Ny tulipan, 'New design'
Forarbeid til maling av gamlefjøsen.
Før og etter :-)

Alltid litt arbeid med å få vatnet frå fjellet på plass om våren. Her er det opprensking av inntak.
Primulabed rundt prydepla, endeleg fann eg rette plassen for dei!

Det var første halvdel av mai. I morgon har minsten 6-årsdag, ikkje så lita lenger..

Resten av april

 Kjøkkenhagen er klar for planting - om berre temperaturen stig litt snart!
 Det same er drivhuset
 Hurtigruta Fram på tur til stavkyrkja
 Villtulipaner, dei gule kjem først men det skal vere nokre raude der og..
Narcissiser og Perleblomster

torsdag 16. april 2015

april 2015

Tur til Sognefjellet med nesten heile familien ++, strålande ver og godt skiføre!



Omsider ferdig med eplehagen som vart hoppa over ifjor (det merka me i år for å seie det slik). Den blå boksen er til radioen som er meint å skremme hjort, men den er ikkje så lettskremt gitt!

Og til slutt hagen som veks og gror for kvar dag. Er veldig spent på tulipanane, men dei må me nok vente på ei stund til :-)

Rosa og blå perleblomster

Narscisisser

onsdag 15. april 2015

februar-mars 2015

Deileg ver og grilling i strondi!

Me er i gang med å fornya kjøkkenet i kafeen.
Legolas klar for karneval...

...og Tauriel
To glade jenter på delt førsteplass for beste kostyme i jenteklassen!

Klargjering for leveranse, saft og sylte i lange baner :-)

Oppstart med beskjæring av morelletrærne, gamal hage som trengte kraftig beskjæring

Vatnet som kom i mars gjorde stor skade på blant anna vegar på neset, men 'arti for ongan'!


I midten av mars feira me bursdag med helg på Gol, og så fekk eg kompostbinge-yea!

Ylva har kasta støttehjula for godt og susar avgårde!

Kjøkkenet i kafeen går framover

Krokus

Tysbast, dessverre veldig giftig så den må flyttast - men sååå søt...

Til slutt i denne oppsummeringa - årets påskeeggjakt i hagen

tirsdag 25. november 2014

Tja, kor var eg..?

Eg var kommen litt ut i September sist eg skreiv noko her, så no fortset eg der eg slapp for kronologien sin del. 
 Lavendelen blomstrar framleis i september (og november faktisk!)
 Ein av knuppane på pasjonsblomsten rakk å blomstre andre runde før det vart for kaldt :-)
 Det (foreløpig) siste beddet i hagen har fått jord og plantar, prydgras, kvit oppstamma syrin, iris, bambus og kjempe marikåpe er på plass så lang. Det skal og vere ein klatreplante i bakkant. 
 Folk lurer litt på kva "scenen" skal vere til.. Kanskje den skal vere scene og, men hovudsakleg er den tenkt som ein koseplass med madrass og puter og gardiner rundt for litt avslapning i hagen.  
 Siste del av byggverket nærmar seg ferdig, i alle fall for i år. Det vert "veggen" mot vegen der to delar skal fyllast med ved, og dei andre delane vert port inn og klatrevegg for plantar. 
 Ovnen er kommen på plass omsider. Den var innkjøpt for nesten eit halvt år sidan, men me har ikkje følt behovet for å få den på plass i sommar... No er den derimot veldig kjekk å ha!

 Villvinen er på sitt vakraste om hausten og den fekk stå slik til den var ferdig før eg skar ned mesteparten. Me må få malt til våren att, så då måtte den til pers. Den veks nok kjapt oppatt reknar meg med. 
 Tur til fjells har det og blitt tid til, Nystølen er alltid kjekk å komme til for både liten og stor. 
 Eldstejenta har hatt bursdag sidan sist, heile ni år har ho jammen blitt!
 Me hadde ein litt improvisert Halloweenfest hjå oss i år, og då høyrer det med å skjere ut gresskarlykter. Desse vart ekstra skjønne, laga av små gresskar. Festen vart bra, så eg trur me må repetere til neste år :-)
 Minsten har operert vekk mandlar og polyppar, og sjølv om det var kjipt medan det sto på (ikkje så begeistra for smertestillande i noko format) så er det ingen tvil om at det har hatt ønska effekt. No søv ho stille og utan dei fortvilane pustestoppa om natta. Vil tru det er lettare å få ned maten og! Her er ho nett vakna og starta på isen, den vart ikkje fullført.
Heilt til slutt må eg ta med biletet av våre to skjønne "brudepiker". Me har nemleg gifta oss sidan sist, hjå Tingretten med konstituert Sorenskrivar som vigslar. Med oss hadde me to vitner (foreldra mine) og desse to skjønningane. Etterpå åt me middag saman før dei vart med besteforeldre heim og me vart att for eit lite hotellopphold natta over på suite - champagne og frukt og frukost servert på rommet om morgonen - gode greier!