mandag 20. juli 2009

And so it begins

Opningsinnlegget. Kva skal denne bloggen handle om? Den skal handle om ein familie si ferd frå by til land - forhåpentlegvis! For saka er den at det berre er i planleggingsstadiet enda. Så eg tenkte at det kunne vere kjekt for vår eigen del å loggføre prosessen. Og kanskje for andre som tenker det samme som oss?

Me bur i dag rett ved Bergen og lever dagleg med rushtrafikk, henting og bringing i barnehage, forsøk på kvalitetstid i helgene og ei stemme i bakhovudet som lurer på om det er slik livet skal vere... Begge kjem frå plassar mindre sentralt enn der me har havna, og sjølv om me absolutt ser fordelen ved å bu som me gjer (byggefelt med mange leikekameratar, barnehage 100 meter frå huset og skule 200-300 meter bortanfor det) så lengtar me begge til ein annan stad.

Denne bloggen kjem først til å handle om tru og tvil, jakta på ein stad å busetje seg og elles det som måtte dukke opp i prosessen. Om me så når målet vårt om å flytte "på landet" vil den handle om korleis det artar seg. Den tid, den glede!
Av ulike grunne vil bloggen vere skjult i byrjinga, men eg vil starte loggføringa no for å få med kronologien : )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar