tirsdag 21. juli 2009

Eit lite paradoks

Kvifor skal det være så vanskeleg å busetje seg i distrikta? Me har valgt oss ut heimbygda mi, og har sett oss ut nokre alternativ. Helst vil me sleppe å bygge nytt sidan me reknar med å gå ned ein del i lønn. Dette er ikkje noko problem om ein og reduserar lån : )
Alternativ 1: Ein fråflytta gard knapt nok brukt som sommarhus.

Den var/er i utgangspunktet underlagt bu- og driveplikt, men grunna somling i fylkeskommunen får dei noverande eigarane sitje med den inntil nokon andre overtar. Me har spurt om dei vil selje, noko som ikkje er aktuelt "akkurat no"... Dei lever òg i villfarelsen om at dei kan skilje frå hovudhuset ved eit eventuelt sal. Så konklusjonen er: lite realistisk alternativ!

Alternativ 2: Ein husmannsplass ved sjøen. Me har forhøyrt oss med bonden som eig eigedommen, og han er i tenkeboksen. Huset treng oppgradering, men er fullt av sjarm (og tømmerveggar trur eg : ). Planen vil vere å gjere det leveleg utan å endre for mykje på planløysinga - det vil seie kjøkken og bad, samt overflate elles i huset. Kledning, rør og elektrisk må byttast etter behov. På eigedommen står og ei gamal løe (nedfallsklar) og eit naust. Forutan hagen rundt huset ligg det ein stor eplehage ned mot sjøen.
Eg vil tru dette er det mest realistiske alternativet.

Som innleiinga hintar til, det er ikkje lett å busetje seg i disktrikta, enda så utsvoltne dei er på folk. Før brot og unnasluntring av bu- og driveplikta får ei konsekvens for dei det gjeld, ser eg ikkje for meg det vert noko lettare heller...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar