torsdag 30. juli 2009

På staden kvil...

Me har ikkje kommet noko nærmare ein løysing på den månaden me har vore her. Me har ikkje fått anledning til å snakke meir med bonden om eventuelt kjøp, og det einaste som skjer er at eg samlar stadig fleire idear og draumar. Og tvil sjølvsagt. Ein kan neppe gjere så store endringar i livet som det me planlegg utan å oppleve tvil.

Tvilen kjem på vegne av meg sjølv som kjem til å forlate ein jobb eg likar og som eg gjer det godt i - ein jobb eg kan gjere "karriere" i om eg ønskjer. Dette har ikkje vore viktig for meg nokon sinne, men det er jo klart ein tenker over det når det først vert realitet.

På vegne av sambuaren min kjem tvilen sidan flytting inneber at han må byrja å jobba på sjøen att. Dette har han gjort før og han trivst med det så lenge me har det bra som han seier. Så den tvilen gjeld eigentleg mest ungane - som mesteparten av tvilen gjeld..

Det er sjølvsagt ungane som gjev grobotn for mest tvil. Dei vil bli flytta frå eit byggefelt som i alle fall den eldste er kjent i, frå vener og familie på hans side. Det vert ny barnehage (me er kjempefornøygde med den ho er i no), og det vert eit heilt nytt liv. På ny plass vert det færre ungar i nærleiken, organiserte aktivitetar er lenger vekke, barnehage og skule er ein ferjetur unna.

Det er med andre ord tvil inne i bildet. MEN; det er så utruleg mykje positivt og. Eg vil få eit mykje meir aktivt og kreativt liv, me kan skape sjølv. Ungane vil utvikle sin kreativitet, finne på ting sjølv, kunne stelle med dyr og praktiske gjeremål. Sist, men ikkje minst, håpar eg at ei flytting vil innebere at me får meir tid med ungane sjølv. Det gjekk eit lite lys opp for meg tidlegare i sommar då alle ungane i nabolaget var vekkreist på ferie, og me var att og hadde "terrasse-ferie". Me storkosa oss! Det er lenge sidan me har hatt så god tid saman. Og vetla kosa seg og. Eg innsåg då at det er ikkje andre ungar barna våre får for lite kontakt med, det er foreldra. Dagens liv i byggefeltet inneber at vetla er i barnehage store delar av dagen, kjem heim, et middag i hui og hast, er ute med leikekameratar til det er leggetid, kjem inn og legg seg. På ny plass vil ho framleis vere i barnehage og på skule og ha kontakt med andre ungar der, men ho vil kanskje ha meir tid med oss når ho er heime. (På sikt vert det begge dei to småtrolla det er snakk om : )

Eg har slik tru på denne måten å vekse opp på. Eg trur ein får med seg ein del verdiar og baggasje som er vanskeleg å få til om ein veks opp med hastverksforeldre og organiserte aktivitetar kvar kveld. Håpar at det går seg til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar