torsdag 6. august 2009

NY plan

Me satte oss i tenkeboksen då det nedslåande svaret kom, og har kommet fram til ein ny plan. Altså. Eg har to søstre. Den eldste vil overta delar av drifta etter mine foreldre, kafe og utleige, samt hjortefarmen. Den neste søstra på lista vil kanskje overta resten, som er saft og sylteproduksjon med tilhøyrande bær- og eplefelt. Dette er imidlertid ikkje heilt sikkert og dei driv no og forhandlar om noko anna. Dersom det vert noko av, så vil spørsmålet truleg komme til meg. Og eg trur eg kan tenke meg det, sjølv om det virkar litt voldsomt no.

I så fall. Min sambuar vil då kunne gå over til ein jobb på sjøen eller i Nordsjøen der det ikkje har noko å seie kor han bur. Me vil og ha ein sikker grunninntekt - just in case... Me kan bu i "besten-huset" der det eigentleg er klart til innflytning, litt justering kan gjerast for syns skuld. Me har då omtrent null risiko (lite lån på bedrifta og) ved å prøve! Ein kan då håpe på at alternativ 1. vert aktuelt, eller ein kan byggje nytt når ein ser om det er liv laga.

Eg trur nok det vil ordne seg på eit vis, det er berre eit stykke veg å gå før ein kjem så langt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar