tirsdag 22. september 2009

Mistar trua litt etter litt...

Då me først byrja fable om å flytte til heimplassen min, trudde eg den største utfordringa skulle bli å bestemme seg. Der tok eg skammeleg feil gitt! Problemet er gjennomføringa. Det har synt seg svært vanskeleg å få tak i hus. Ingen vil selje sidan ingen kjenner noko ansvar for bygda dei ikkje bur i. Eg kan skjønne det på ein måte, alle er seg sjølv nærast, men likevel er det utruleg frustrerande. Kommune og fylke burde hatt mykje betre lover og verkemiddel for å kunne hindre ein slik situasjon.

Terskelen er ein del høgare for å bygge nytt på ein slik plass. Det er kostbart og verdien synk med ein gang huset er ferdigstilt. Om ting ikkje fungerar vil ein ikkje nødvendigvis kunne selje for ein høg nok pris til å dekke lånet.

Så - eg merkar at eg byrjar gi opp håpet litt etter kvart. Eg ser ikkje heilt for meg korleis det skal løyse seg. Kanskje skjer det eit lite mirakel?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar