tirsdag 30. mars 2010

Eit mirakel har skjedd...

Sist eg skreiv her inne venta eg på eit lite mirakel. Om det ikkje har skjedd eit mirakel, så har me i alle fall kommet fram til ei løysing!

På garden der eg kjem i frå er me fire born. Drifta av garden krev 2 familiar - i alle fall om ein skal ha eit liv i tillegg. Eg er nr 3 i rekka, og har ikkje tenkt at eg skulle få mogelegheita til å overta ein del av min eigen barndomsgard. Dette er fordi mine foreldre er så heldige at 3 av 4 born har ytra ynskje om å ta over etter dei.

No syner det seg likevel at eg kan - om eg vil. Eg skal innrømme at sjølv om me har tenkt på dette lenge, så vert det likevel litt anleis når det plutseleg vert verkeleg. Skal me tørre dette? Skal me hoppe i det - eit nytt liv på ein ny plass? Ungane i ny barnehage, frå å ligge 100 meter frå huset vil den no ligge på andre sida av ein fjord. Eg og sambu i nye jobbar, sal av huset me nett har bygd... Det er mange spørsmål som kvernar rundt i hovudet for tida.

Likevel så merkar eg at kun frå i går til i dag har det skjedd endringar i tankegangen. Frå å tenke HJELP! i går tenker eg no på kva slags mogelegheiter det vil gi oss, til eit anna liv utan så mykje køkøyring og stress, til betre tid med kvarandre og til å gjere ting som interesserer meg meir enn kva mitt noverande arbeid gjer.

Så om me får det praktiske på plass på ein tilfredsstillande måte, så trur eg jammen at me er på veg - Der ingen skulle tru...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar