mandag 5. april 2010

Kor skal ein byrje?

Det er mykje som må ordnast og tenkast gjennom før me eventuelt kan flytte til hausten. Sidan eg er i fødselspermisjon fram til 17.juli, må ein eventuell utvida omsorgspermisjon takast i tilknytning til dette. Det vil seie at eg må levere søknad 16.april - det er ikkje lenge til! Så er det sambu som må forhøyre seg om ny jobb, så eventuelt seie opp i den han har no - og det må skje innan april, helst... Vidare må me avslutte ein tomtetvist me har gåande med utbyggjar før me kan setje i gang å selje huset. Så er det barnehagen. Me må forhøyre oss om plassar der me skal flytte til, og me må seie opp dei plassane me har her, oppsigelsen må sendast ein månad før.
For ikkje å snakke om huset. Det er, som i dei fleste andre hus, småting som står att. Me er i full gang og gler oss for kvar ting me kan krysse av lista.

Alt dette gjer at eg går rundt med ein litt nervøs følelse for tida. I stille stunder lurer eg på om det er på grunn av tvil rundt det me er i ferd med å gjere, men eg trur det er meir at det er så mange ting som må falle på plass på så liten tid. Meir og meir gler eg meg til å komme i gang med arbeidsoppgåver eg trivs meir med enn det eg gjer i min noverande jobb. Det vil verte variert, og ein god del fysisk arbeid ute i det fri. Skal gjere meg godt tenker eg!

Og når det gjeld dei søte små trur eg dei har godt av å vekse opp på den måten og. Me var fire søsken som vaks opp på garden me tenker på å flytte tilbake til, og alle fire har vore ute og studert og har jobba andre plassar, og tre har altså busett seg på denne vetle plassen. Då kan det ikkje ha vore så ille tenker eg.

Men nervøs kan eg gjerne innrømme at eg er :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar