tirsdag 13. april 2010

Ting skjer...

Planane våre byrjar verte veldig konkrete no. Sambu har ordna seg ny jobb, og sa i dag opp den noverande jobben. Eg på mi side har informert jobben om at eg har tenkt å gjere meg nytte av utvida omsorgspermisjon. Om ikkje det er dei vanskelegaste sakene som er vel overstått no, så er det i alle fall blant dei mest ubehagelege! Å ha gjort det har både gjort meg kjempeletta, samstundes som det gjer det heile meir verkeleg. Det kjennes bra!

Av oppgåver som står forann oss no framover er klargjering av huset for sal - og sjølve salet - høgt på lista. Det vert ein litan triller, vil eg tru, når me er komne så langt som til visningar... Det vil jo ha utruleg mykje å seie at me får ein god pris.

Det er enda ein lang veg att, men eg vil seie me har kommet godt i gang!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar