torsdag 13. mai 2010

Arrrghh!

Eg trur eg blir gal snart! Løysinga me trudde var nær, er ikkje så veldig nær likevel, og no har vårt pressmiddel, nemleg naboar som skulle selge hus + kjøpe leilegheit av sjefsr*vholet, solgt med tvist og det heile. Det høyres ikkje ut på meklar som om kjøparar har vore innforstått med at det fulgte tvist med huset, men det vil syne seg... Dermed har ikkje nevnte r*vhol nokon grunn til å få ting frå seg att. Ein anna ting er at den løysinga han ser for seg ikkje vil verte godkjent hjå kommunen på lovleg vis, medan han er overtydd om at han kan få det til. I motsatt fall vil saka måtte behandlast hjå fylkesmannen, og då må gudane vite kor lang tid det vil ta. Ting skal tydelegvis vere inniheite vanskelege i denne saka, og eg trur det når eg får sjå det at den går i orden.

Det tragikomiske er at vedkommande utbyggjar antakelegvis har brukt mykje meir både energi og pengar på å unngå å gjere opp for seg, enn kva hadde vore tilfellet om han berre ordna det - til trass for at han sjølv har innrømma å ha gjort feil. For han er ikkje det vesentleg i det heile tatt sidan han "er suveren". Jepp, sjarmerande fyr!

Se hva som skjer...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar