mandag 31. mai 2010

Drømmehagen

Neida, dette er ikkje eit innlegg frå ein forbanna forelder som ikkje får fred og ro i halvtimen før barnetv lenger sidan dei har flytta Drømmehagen til morgensendingen. Det er derimot ein utolmodig hagegal som planlegg og drøymer seg vekk i påvente av å kunne ta fatt på sitt nye liv og sin nye hage!

Noko av det eg gler meg veldig til er å kunne ha ein kjøkkenhage utover pottene på terrassen. Eg og vetla plantar i hytt og pine no i rein og skjær frustrasjon over å måtte vente (er ikkje så gode på det :-) Eg ser no på kompostløysningar for matavfall - dette er Biolan 220 liter som skal halde for 2 hushaldningar
og hageavfall - Biolan Stein - det vert nok ikkje denne, men morosam var den! og på drivhus. Samstundes les eg "Late kjøkkenhager" av Tor Smaaland for å få tips og råd. Så sjølv om draumen er noko i retning dette:, så endar eg nok opp med eit av denne meir fornuftige typen der ein kan få mykje meir plass for mykje mindre pengar. Fornuften lenge leve!Trur nok eg skal klare å lage det koseleg rundt noko slikt og. Trur det bør vere i grønt, forresten...

I dag ventar me takstmann og seinare på kvelden skal min betre halvdel på GNR-konsert. Veret er nydeleg og me lever i håpet om at kommunen kanskje ikkje brukar evighetar på å komme med svaret (æh...). No er det rydding på gang og fjerning av diverse store, runde steinar i hagen som skal få ein ny heim i ein annan hage :-)

2 kommentarer:

  1. Hei hei

    Det var lenge sidan! Ramla over denne bloggen og vart litt ovveraska over at de har tenkt å flytte tilbake til barndommens trakter. Eller overraska...kanskje litt misunneleg innerst inne? Me har nemmeleg lufta tankane sjølv, om at me kanskje skal vende nasen heimover om ikkje så altfor mange år. Blir i tilfelle litt meir "sentralt", men likevel...Det er noko som endrar seg når ein får barn og etter kvart som ein vert "vaksen" er det andre ting som betyr meir enn mas og kjas og ting som skjer heile tida. Men det er eit stort steg å bryte opp og skulle endre kvardagen så drastisk, så me treng litt tid, dvs EG treng litt tid. Sambo hadde flytta i morgon om det skulle vere ;) Jaja...ville berre seie hei og seie at så lenge de har mulegheita så er det eit godt val de har teke. Eg kan ikkje tenkje meg ein betre oppvekst for ungane, og for ein plass å vekse opp på...!

    Helsing Marit på Sørsida

    SvarSlett
  2. Så kjekt å høyre frå deg! Ja, me har tenkt på det ganske lenge - i fleire år, så det har vore ein tanke som har måtta modna litt. Men no føler me oss klar på alle måtar, og i og med at lysta har halde seg over så lang tid så trur eg det er noko me må gjere uansett for å få det ut av systemet. Men trur nok det skal bli bra! Lykke til med tankelufting :-)

    SvarSlett