søndag 9. mai 2010

Hussal

Hussalet er den siste store tingen som må på plass før det er fritt fram for flytting. Me har byrja runden med meglarar og me prøver å få orden på mest mogeleg av dei småtinga som står att her og der. Det er ikkje store greiene, men me vil no gjerne at det skal vere på plass. No ser det ut som at me nærmar oss ei løysing på grensesaka (dog ikkje utan nye stupide utspel frå våre kjære naboar), og når det er på plass køyrer me i gang med visningar - forhåpentlegvis sal... Første meglar var svært positiv og meinte det var eit veldig salbart hus. Me ventar no på meglartakst i posten, og sjølv om det ikkje er nokon garanti, så gir det no i alle fall ein peikepinn.

Me prøver å pakke ned litt etterkvart, og så får me ta oss nokre turar med flyttelass utover sommaren så det ikkje vert så mykje når tida kjem.

Elles er me i full gang med å planlegge kva som skal gjerast med besten-huset før mine foreldre overtek det. Når det gjeld hovudhuset så er det litt større ting som må takast i første omgang (som taket), men så har me god tid til å leite fram tømmerveggar og finne lure løysingar. Gler meg som ein unge til å setje i gang sjølv om eg nyleg har blitt påminnt kor lite eg likar å male... Kanskje det er kjekkare når ein malar noko ein forventar å omgi seg med leeenge?

2 kommentarer:

  1. Denne bloggen skal jeg jammen følge med på! Jeg synes det er så hyggelig at dere skal flytte hit. Tenker at besten og besta, tanter onkler og kusiner er veldig fornøyde med det! Flytting fra by til land har jeg jo erfaring fra, som flytta etter et langt liv i Oslo, og til fjorden din etter fylte 62! Alle spør R hvordan det går med meg. Han ler når han sier det til meg, for han mener at de glemmer at han har vært borte i omtrent 50 år og har bodd ca 40 av dem i Oslo! Men jeg er foreløpig vel fornøyd. Og jeg som aldri har bodd i eget hus, koser meg sånn i det gamle huset! Vi har snille naboer på alle kanter, det er omtrent de samme som dere får. Men du merker nok overgangen, Randi, selv om du ikke har bodd andre steder i like mange år som oss.
    Det er rart at jeg kan stå på kaia og si velkommen til deg, men det skal jeg jammen gjøre.
    Akkurat nå er jeg i Oslo, jeg kan ikke være noe annet sted på 17. mai! Det holder ikke med et musikkorps for meg. Og når jeg først er her, stikker det litt hjemløsfølelse i brystkassa, det er rart å ikke ha et sted å bo her hvor jeg alltid har bodd.
    God hlg og fin 17. mai til deg og familien!

    SvarSlett
  2. Så kjekt med kommentar her inne:-) Gløymer å sjå sidan eg har skrive for meg sjølv heilt til no. Det vert nok ein overgang, ja, sjølv om det er meir "på landet" her me er no enn kva Oslo er. Alt er jo veldig nært av det ein treng og dei tilboda ein nyttar. Men me håpar og trur at det positive vil overskygge det bakvendte :-) Me gler oss i alle fall til å prøve!

    SvarSlett