tirsdag 18. mai 2010

Me ventar...

I dag har me signert meglaroppdrag med vedkommande som skal selge huset våret når me kjem så langt. Me ser for oss at me ikkje har nokon tid å misse når/om løysinga er på plass, så meglaren set i gang med klargjering med ein gang. Takstmann skal komme, og fotografen likeså - då er me i gang.

Me har og returnert papira til nevnte r*vhol, så no gjenstår det å sjå korleis det vert. Han har garantert for ei løysing i salsoppgåva til naboen då dei solgte, så det lovar jo bra, ein mann av sitt ord som han er... ;-)

Dagen i morgon vert via til feiring av minsten som vart heile 1 år forrige torsdag. No er eg i full gang med pavlova og kokosbollekake, og i morgon skal eg lage bollar og sjokolademuffins med smørkrem - rosa er bestilt av storesøster. Mann og barn er på tur til besteforeldre for å gi meg ro til å bake, og for å hente bære me har gløymt me har i frysen til svigers. Så masse ro vart det at eg snart er ferdig med det eg kan gjere i dag, og dermed må starte med rydding - dårleg planlagt det her!

No sit eg her då, og mannar meg opp til ein aldri så litan ryddesjau, medan eg ser på ein pavlovabunn i ovnen som, om eg skal seie det sjølv, ser rett og slett vakker ut. Etter den setningen trur eg eg må ta ein pause frå bloggskriving for no. Illustrasjon føljer...

Litt seinare:
Huset er litt ryddigare, og pavlovaen som såg så vakker ut ligg i bosset - den var berre vakker på utsida... Er i gang med nr.2, og håpar at uttrykket alle gode ting er 3 ikkje gjeld her!

Meg igjen:
Pavlova nr.2 vart bra - krise, eller kva det no var, avverga!

3 kommentarer:

  1. Hu og hei! Nå har jeg lest nedover her, og ting skal ikke være lett nei.
    Får håpe det går bra til slutt.

    :-)

    SvarSlett
  2. Ja, det håpar me og. Me har byrja køyre flyttelass,og det vert ikkje aktuelt å køyre dei tilbake :-)

    SvarSlett
  3. Veldig bra : ))) (ler) Elles har me altså ikkje gløymt Ylva...Bursdagspresangen ligg på vent!

    SvarSlett