søndag 23. mai 2010

Muffin my muffin

Me pakkar og pakkar. Kontoret er snart gjennomgått, og hobbyrommet likeså. Me prøver å gjere oss litt harde slik at me ikkje drar med oss for mykje som vert liggande til lagring og ikkje mykje anna, men det er ikkje så lett. Når me no får tatt eit lass til med hengar, så trur eg faktisk ikkje me kan flytte så mykje meir før me faktisk skal flytte - og då må me nok ha ein større bil.

På kjøkkenet har eg endeleg kommet meg til å skifte den gamle hylla som har fulgt meg sidan studietida (og som skal følgje meg vidare) med to nye frå Ikea. Det vart knakande fint eigentleg, så det skulle me nok gjort for lenge sidan! Elles er det eit par ting i huset som gjenstår før me kan seie oss fornøygde, og då skal det ikkje vere mykje for nye eigarar å ta tak i vil eg tru.

Eg har no endeleg funnet Sjokolademuffinsen over alle sjokolademuffinsar. Heile tida sidan eg byrja lage dei utan støtte frå Freia og Mölleren har eg prøvd ei ny oppskrift kvar gang for å finne nokon verkeleg gode. Eg er ikkje god til å lage sjokoladeplatekake, så då må eg vere god til ditto muffins (elles kan eg vel pakke inn årane som mor med ein gang, eller kva? :-)) Og endeleg, til minsten sitt bursdagselskap så fant eg dei! Eg har kontrollbakt i dag og - still fabulous! Puh, så kan eg puste ut og la årane vere i vatnet...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar