mandag 3. mai 2010

Rekogniseringstur til Sogn

Brukar eg ordet rett, forresten? No vel. Me har altså tatt ein snartur til Sogn for å legge ein litan plan for kva me skal gjere først og sist. Som vanleg hiv me oss ut i prosjekt meir enn å planlegge, så det får me ta når me kjem heim. Det er mykje å ta tak i, men me syns begge at det berre er stas. Og for meg som likar hage, er det jo litt ekstra motiverande å gripe fatt i ein hage som faktisk vert litt eksponert i løpet av sommaren (rundt 15.000 går forbi i løpet av ein sommar..)

Elles har me sosialisert litt med dei som skal verte sambygdingar (i ein litt vidare forstand her på sørsida), og alle syns det er så kjekt med nytt tilskot. Det er takknemleg å flytte til ein plass med folkemangel :-) I forrige veke var det kafé på Næringstunet med kaffi, nydeleg foccachia og trivelege folk, og i går var det bading i stampen hjå Haukadalsfolket for dei små, og lappar med syltetøy og kaffi til dei "store" - kjempekoseleg!

Vetla trivs godt og vil helst at me reiser heim att utan ho. Ho byrjar å ta inn over seg at me skal bu her, og foreløpig ser det ut som ho ser positivt på det. Alt vel så langt!

Allereie merkar eg kor mykje meir heime eg kjenner meg her enn i byggefeltet der me bur i dag. Sjølv om det er kjekke folk på (stort sett) alle kantar, så kjennest det litt som å vere i kvar sin innhengning. Sjølv om eg ikkje er ein veldig nysgjerrig person så vert det til at ein kikkar i glasa sidan ein er så tett på naboane. Eg er absolutt meir komfortabel med meir luft rundt meg!

Ein annan ting eg gler meg til er å ha så mykje hageplass å boltre meg på at eg får realisert draumen om kompost, drivhus, samt god plass til store mengder blomster - gruppere! Må lage ein hageplan slik at eg ikkje byrjar plante på måfå. Eg har lyst til å satse på gamle staudar og roser, så eg må lese meg opp litt. Og så ein kjøkken- og urtehage.... Drøyme, drøyme! Men no kan det bli verkeleg :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar