torsdag 17. juni 2010

Sneak preview

Me har rydda og vaska i ei lita veke no i påvente av at det kjem fotograf i morgon. Han skal ta bilete av huset slik at mest mogeleg er klart når me ein gang skal selje. I dag fekk me imidlertid vite at sjefsr*vholet ikkje har sendt papira til kommunen enda, og det er to veker sidan me signerte. Nye naboar, som trur at alt er i skjønnaste orden, flyttar inn om nokre få veker. Eg skal innrømme at det var ein stor nedtur å høyre dette, til trass for at eg veit korleis han er - ikkje til å stole på for fem flate øre. Det er vel berre at eg trudde han hadde litt press på seg frå andre kantar. Tydelegvis er våre soon-to-be eksnaboar ikkje skarpe nok til å skjønne at dei kan komme i ørliten granne trøbbel for å lyge i salgsoppgava... Nå vel, sånn går nu dagan. Eg tok nokre bilete då me nærma oss eit presentabelt hus, så her er ein litan smakebit:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar