tirsdag 20. juli 2010

Bondegardsferie - ingen dans på roser

Me er tilbake etter tre veker på det som skal verte vår nye heimstad. For det meste hadde me strålande ver, og me fant det til og med verdt det å fylle badebassenget (som etter nokre dagar til og med vart nokon lunde behageleg å bade i). Eg og sambu fekk sommarens første kveld på terrassen utan gåsehud, og fuglane kvitra usannsynleg høgt rundt øyrene på oss. Ungane har kosa seg storvegs, full fart frå morgon til kveld. Det har med andre ord vore tre fine veker - til trass for overskrifta :-) Dagane har gått med til rydding, sortering, kasting og organisering for å lage rom for alt pikk-pakket vårt som kjem i søkk og kav. Me har rydda ut av kårhuset, ein stor garasje og vaskerommet i prosessen. Ut med dei tinga som var der og inn med andre ting.

Når me styrar på der er det vanskeleg å la være å planlegge framover, lenger enn til det som kjem først på lista. Og når ein planlegg framover er det vanskeleg å la være å snakke om det. Heldigvis har eg ein kar som veit å ta det med stor ro. Han høyrer på, men det spørs vel kor mykje han tek inn over seg :-) I første omgang fell prioritering lett, og så får me ta det andre etter kvart. Ein ting er i alle fall sikkert - me har utruleg mange kjekke prosjekt føre oss! Mogelegheitene er uendelege - virkar det som no i alle fall, og eg trur det skal bli lenge (som i aldri) før me tenker at "no, no er me ferdige, no har me gjort det som skal gjerast". Stadig dukkar det opp nye gode idear frå alle kantar, så ei idebok må komme på plass snarast.

No er me altså tilbake i huset me snart skal selje, og for å få dagane til å gå planlegg eg enda litt meir. Vetla går sine siste dagar i barnehagen, og minsten berre går og går :-) Og så gler me oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar