torsdag 22. juli 2010

Folk er rare...

I vår pågåande sak har me sett mange mindre sympatiske trekk hjå ellers tilsynelatande normale folk. Dette normale har synt seg å vere forbigåande. Seinast har naboane våre solgt huset sitt med tvist og det heile, men i salgsoppgåva kan det til forveksling sjå ut som om det ikkje er nokon tvist der i det heile tatt. I den trua har altså kjøpar levd inntil me kom att frå ferie. For eg hadde, og har, ingen planar om å lyge på deira vegne. Me har stussa litt på korleis våre eks-naboar kunne finne på å selge ved å halde tilbake sanninga - dei måtte no forstå at denne ville komme for ein dag i det me møtte våre nye naboar første gang?

No har me imidlertid fått svar på dette. Dei forventar at me ikkje skal snakke om det med våre nye naboar, me skal kun forhalde oss til dei - som me forresten ikkje har snakka med på over eit år. Kva drøymeverd er det dei lever i?

Kvar gang eg trur eg har sett ytterkantane av galskapen til dette kvinnemennesket, syner ho stadig nye og overraskande sider. Kvar gang tenker eg at ingenting skal overraske meg meir - men det gjer det altså - rett som det er.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar