fredag 13. august 2010

Barnestol-make-over

Her poserer vetla i stolen før make over, faktisk drøye fire år før make over :-) No er det minsten som brukar den, men den er like kjekk i denne omgangen. Trekket var imidlertid litt slitt...
Slik såg det altså ut før omtrekkinga. Eg fant noko voksdukstoff som passa veldig bra - om eg skal seie det sjølv! Me hadde pakka ned stiftepistolen, men hammar og små spikar funka og (om ikkje heilt optimalt..)
Vips! Ein (nesten) ny stol som skal klare seg så lenge minsten treng det og enda litt til vil eg tru. Eit kosteskaft og litt lastestropper gjorde nytten i front. Den er veldig kjekk må vite, kan bli både bil og gynge.
Og det var historien om barnestolen.

Sidan eg har byrja så smått med oppussinga er det på tide å starte føljetongen her og. Det eg putlar med no skal verte syrommet til ho mor. Og då meinar eg ikkje meg-mor, men mamma-mor :-) Som nemnt (trur eg) skal me byte hus når me er ferdige å pusse opp her me bur no.
Under har eg så smått byrja med grunninga, noko som er eit sant herk med skyggepanel og forstyrrelsar overalt. I dag vart eg altså ferdig med dette, og i morgon kan eg kanskje starte med den litt artigare etappen der den faktiske fargen skal på...
Her er neste prosjekt på lista. Dette skal verte soverom, og eg har tenkt å behalde den sjarmerande tapeten på ein av veggane. Dei andre skal malast i Eggekvit, som syrommet ved sidan av.
Det skal med andre ord ikkje mangle på arbeid framover, men slikt likar eg :-)
Her slit me litt med legginga av minsten for tida, og me vil seie meg sidan min betre halvdel er til sjøs. No er det imidlertid blitt stille, og eg er velidg klar for å ha litt aleine-tid :-)
Ha ein fin-fin kveld vidare!

3 kommentarer:

  1. Hei! morro å følge med på bloggen din og prosjekta! Stolen vart kjempetøff, og det var tapeten òg! Dessuten likte eg så godt det nye layoutet på sida! Ha ein fine kveld i god-bygda! klem Britt Kirsti

    SvarSlett
  2. Takk for det! Kjekt å endeleg komme i gang med saker og ting her :-)

    SvarSlett
  3. Du er jammen tøff! Skal du pusse opp det ene huset først og så flytte inn i det andre?

    SvarSlett