tirsdag 24. august 2010

Eggekvit og gule blomster

Ting går sin gang på loftet sjølv om det må skje litt innimellom. Mange soveøkter små osv... :-) På soverommet mot sør har eg malt ferdig taket, og grunninga er på plass på dei veggande som skal grunnast. No gjenstår to strøk med den "orntlige" fargen på veggande, og eit strøk eller to på listene. Dette tenker eg å vente med til me har skore ut hola til hyllene i kneveggane - ikkje vits i å male det som skal skjerast vekk!
Under; eit lite tilbakeblikk på syrommet tidleg i malestadiet...
...og no.
Før...
...og no:
Om ei vekes tid har eg min betre halvdel heime att frå første tur i ny-gamal jobb, og då kan me ta fatt på dei litt større prosjekta. Samt at eg håpar på å kunne slutt føre dei mindre prosjekta eg har pusla med, deileg å kunne krysse ting, eller rom, av lista :-)

Elles driv eg og minsten og ryddar rundt husa til storfint besøk i neste veke. Då kjem nemleg Dronning Sonja på besøk til Ornes, der ho blant anna skal ha lunsj på Urnes Gard. Då seier det seg sjølv av ting må vere på stell! Det er no eigentleg litt greit med eit lite spark ein viss plass så slikt vert gjort no og då.
No byrjar minsten å gi seg med klagesangen frå senga, og det er på tide å spore opp vetla for litt kveldsmat og vask før ny barnehagedag i morgon. Ha ein fin-fin kveld!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar