mandag 2. august 2010

Endeleg!

Endeleg er me blitt Sogningar! Etter ein lang flytteprosess og mykje venting kan me no seie at me bur i Sogn. Me har ikkje meldt flytting, men det er berre ein formalitet. Det var vore noko slitsomt å ha ein fot på kvar plass ei stund, for ikkje å snakke om alle kjenslene som har kommet og reist. Ingen av dei var anger - heldigvis, men litt vemodig var det jo å seie hade til alle dei gode naboane våre med avkom (:-)) Vetla fekk avskjedsgåver og klemmar hjå alle venene, og det vart til og med avskjedsgåve på oss vaksne. Det har etterkvart vorte eit veldig fint byggefelt, og eg håpar me klarer å halde kontakten med i alle fall nokre av dei. Mange har til og med ymta om besøk - og dei skal vere hjarteleg velkomne!

Det har blitt lange dagar til no der eg har styrt med å få orden på ting slik at kvardagen kan kjennast nokon lunde normal for dei to små sjølv om me bur midlertidig. Frå å ha budd i eit hus på ca 160m2 buareal, bur me no på ca 60m2. Det byr på nokre utfordringar når det kjem til oppbevaring og system. No har me sjølvsagt ikkje pakka ut ein brøkdel, men det er ganske så utruleg kor mykje det likevel vert som er "naudsynt"... Eigentleg trur eg det kan vere ganske nyttig å bu på denne måten ei stund. Ein lærer noko om å ikkje samle på så mange ting av den grunn av det er, eller kan verte, kjekt å ha. Ein lærer seg og å verte svært så kreativ med tanke på oppbevaringløysingar!

Dette vart berre eit lite innlegg. Etterkvart vil eg ta dykk med på korleis livet utartar seg på ny plass, og korleis oppussinga går. Eg vil tru at dette vil verte hovudbloggen på sikt, og at det andre uansett vil ligge litt på vent ei stund.

Men no må eg syte for vidaresending av posten... ein kan ikkje tenkje på alt heller! Ha ei fin natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar