torsdag 19. august 2010

Frå 160 til 60 m2

Me bur no midlertidig i kårhuset på garden. Der skal me bu til me har pussa opp det som pussast skal, og deretter skal me foreta husbyte med mine foreldre - som hevdar å glede seg til mindre plass å boltre seg på... Me gler oss til det motsatte. Til tross for dette så har det sine fordeler med så lite hus. Me brukar berre 1.etg. og husvask og rydding går dermed som regel fort og gale. No skal det seiast at og det å rote går relativt kjapt med tanke på at alle tinga våre er så fram i dagen :-)

No skal de få eit lite innblikk i korleis det vert når ein familie på fire flyttar frå 160 m2 (+garasje) til 60 m2 og innrettar seg der for eit års tid. Garantert ingen "styling" her!
Over er stova vår der ymse kvite oppbevaringsmøblar er satt saman til ein noko besyndarleg sak.
..og her er jammen foreldresoverommet, litt skjult bak ein Expedit som tar det utrulegaste!
Over er kombinert barnerom og garderobe - og ja, det er ein dårleg kombinasjon om nokon lurte. Ein sprek blanding av dei fleste stilartar :-)
Her er eit lite forsøk på system i kaoset. Tegningen gjer at vetla kan finne fram sjølv, forhåpentegvis utan å leite igjennom ALLE trådkorgene.
Sidan badet er eit av romma som skal totalrenoverast har me ikkje vore noko nøye med kva me har skrudd i veggane. Dette kjem vel tydeleg fram i dette hjørnet. Andre hjørne er ikkje det spøtt betre.
Andre sjarmerande rom får vente. I dag håpar eg på litt barnevakt så eg kan ta første strøket på lister og tak. Gler meg til å kunne krysse første rom av lista!
Ha ein strålande fin dag i tropevarmen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar