mandag 16. august 2010

Første dag i ny barnehage!

Då var dagen endeleg her, - og nesten ferdig forsåvidt: første dag i ny barnehage for vetla. Ho har gleda seg veldig til dette og har vel kanskje vore litt spent og vil eg tru (sjølv om ho ikkje let seg merke av det). Den nye sekken var på plass, og det tok ikkje lange stunda å bli varm i trøya. Faktisk før eg og minsten rakk å komme fram (vetla satt på med tante og søskenbarn)..!

Me var der frå 8 til ca 13, og timane gjekk fort. Sjølv om det er mykje nytt, så fant ho seg veldig greit til rette. Dei to søskenbarna går på skule i same bygget som barnehagen, og skule og barnehage deler uteplass, sjølv om barnehagen har "sin"plass og skulen sin. Det vert likevel slik at skuleungar spring gjennom barnehageuteplassen, pratar litt med ungane der, og motsatt. Slik vert det ikkje nokon voldsom overgang å skulle byrje i skulen heller tenker eg, i alle fall ikkje på den sosiale måten.
Over er vetla i full gang på ballbana, som har kunstgras. Kjekt å sparke ball barbeint der!

Alt i alt ein bra dag, og ho sjølv ville aller helst reist tilbake i morgon. Neste dag er imidlertid onsdag, og ho mor (meg) tykkjer det er ganske greit sidan ho held seg oppegåande ved hjelp av pillar for tida. Satsar på at halsvondten er på retur til onsdag (fingers crossed).

På syrommet er siste strøk på veggane på plass, og det manglar no å male tak og lister. Når dette er klart skal de få ta ein kikk. Enda meir spennande vert det når benkeplate og hyller kjem på plass. Trur det skal verte eit alle tiders syrom :-)

Og så er jo IKEA-katalogen på plass - jentenes svar på Biltema-katalogen?? Kjekt er det i alle fall! Ha ein fin kveld - med eller utan katalog.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar