onsdag 25. august 2010

Kanskje kommer kongen..?

Kongen kjem ikkje, men det gjer imidlertid dronninga (http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5235960.ece), så no er det litt shining på gang ute.
Beddet over vart laga for å ha ein plass å lagre blomster me har henta ut frå eit større bed me skal legge brakk ei stund (bilder under). Det vart eigentleg ikkje så ille, så det vert nok slik eit stund vil eg tru.
Over er altså beddet som skal leggast brakk, og som med tid og stunder skal bli rosebed med busk og klatreroser og hekkar av lavendel og buksbom. No er det ekstremt attgrodd og quick fix blir å klippe det nedåt.
Her er det tørre skyggebeddet. Det er utruleg vanskeleg å vatne, alt renn på overflata. Eg håpar imidlertid at når bunndekkarane veks til så vert det betre. Trappesteinane skal bytast ut med meir solid stein.
Nærbilete av ein klematis som står så fint no. Har ikkje sjekka opp i kva slags det er enda, men liknar litt på Presidenten syns eg. Er ikkje sikker kor mange kronblad Presidenten har, og trur kanskje den er noko lysare lilla og, men det skal eg finne ut av.

Rosebeddet på hjørnet av Gamlefjøsen har eg nett planta ut små roser i, i tillegg til nokre små buskroser som sto frå før. Skvallerkål og vindel-eit-eller-anna er utruleg plagsomme i dette beddet, så det var luking seint og tidleg om ein skulle halde det fint. Over er eg i gang med å ordne beddet for å plante astilber der, 1 stor kvit, og to store raude.
Slik vart det sjåande ut. Det vert enda litt betre når dei veks seg større og legg seg ut litt. Dei vart delt opp og står annankvar.
Ein dag til no, med litt traktorhjelp, så trur eg eg har kommet langt i opprydningen ute. Siste handa på verket vert å klippe plen og kantar, så er det på stell. Eg driv og og finn plassar til ting som står i baljar og boksar etter flyttinga, men i dag planta eg noko, for så å grave opp noko anna, så det er framleis nokre lause fuglar (om ikkje dei same som i dag tidleg :-)
Har fått gjort mykje i dag, så no skal eg ta kvelden med godt samvit - det skal bli godt! Ha ein fin kveld alle saman :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar