torsdag 26. august 2010

Vetlesjefen i aksjon

I dag har vore atter ein god dag i ryddingens teikn. No er det stort sett på stell ute, gjenverande rot er i alle fall konsentrert til ein plass... Til og med graset er stussa, hekken skal til pers i morgon - var planen. Trøblar litt med opplasting av bilete i dag, så det vert kun med dei to under: Vetla i full gang med å dirigere - bestemt dame ser du!

Mot denne sindige hunden har ho imidlertid ikkje så mykje å stille opp med i form av veiving med hender og høglydt kjefting. Rugg har høyrt det før og tar det heile med stor ro.
I dag har me rydda, som sagt, trilla oss tur i sola og plukka litt epler, rydda litt meir medan dei fire søskenbarna plukka blåbær, og så bakt blåbærpai som vart fortært til kvelds. Ein god dag. Av og til når eg ser på utsikta, høyrer på kor uendeleg stille det er her eller styrar på i hagen, mi favoritt tidtrøyte om sommaren, så tenker eg at dette berre er på lat (som dei seier ungane). Eg må tenke litt på det før det går opp for meg at dette er livet mitt no. Og det kjennest veldig godt :-) Ser i avisene at det er andre som tenker på same måte. Nesten samtlege av sognekommunane opplever folkevekst i andre kvartal, og Luster ligg blant topp to. Pendelen har nok snudd noko og folk veit å verdsette andre ting i livet enn nærleiken til kaffibarar og revyar (som forresten og kjem til utkantane!) Meir og meir oppgir folk stilla som noko av det mest fantastiske med denne plassen. Det er mangelvare i mange sine liv å ha det stilt rundt seg. Og det kan ein trenge av og til nokon og ein kvar trur eg, for ikkje å bli hovudgalen :-)

Ha ein stille og god kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar