mandag 13. september 2010

Bønder i byd'n

Helga som var fór heile familien til byd'n for å vere bønder på Bergen Matfestival, eller Bønder i Bydn'n, som det opprinneleg heiter. For tredje år på rad holdt Team Urnes Gard til i Skuteviken Gjestehus, men det var mitt første opphold. Me fekk ei kjempekoseleg leilegheit med personleg og heimekoseleg innreiing.
Fredagen kom med strålande og varmt ver, og under er me så godt som ferdig rigga før marknaden åpnar. Sjølv om fredagane normalt ikkje er så veldig travle (sidan folk stort sett er på jobb..) så vart dagen veldig bra med godt besøk. Veret den dagen, saman med truslar om åpne sluser framover gjorde nok sitt! Gratis adgang rundt om på museum o.l drog nok og folk til byen den dagen. Og moro var det :-)
Tolmodige jenter vindus-shoppar litt for å få tida til å gå :-)
Laurdagen var ein langt fuktigare historie, men ikkje så ille som frykta. No skal me heller ikkje gløyme at me var i Bergen, og det skal meir til enn litt kryssande regn for å stoppe bergensarane!
Ein liten detalj frå Bryggen - kanskje på høg tid med litt restaurering, ja? Innimellom slaga, eller samstundes med slaga forsåvidt, fekk me tid til litt besteforeldrebesøk og ein tur innom vårt gamle byggefelt - koseleg!
Ein kjekk, men hektisk tur var det, og det skal seiast at det var veldig godt å kunne gå tilbake til å vere bonde på landet etter endt helg :-) Ha ei strålande veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar