tirsdag 21. september 2010

Det gode liv

Ein av godene som føljer med å bu på gard er tilgangen til opp til fleire koselege sel. Eit sel er ei lita hytte på ein støl, ikkje eit sjødyr som ein forsikringsseljar trudde då bonden skulle forsikre selet sitt... I alle fall nytta eg og min betre halvdel høvet til ein liten tur til vårstølen siste helga før utfarten. Ein barnlaus tur som sådann, noko som utløyste spørsmål frå den yngre garde: kvifor kan ikkje me vere med? No var det forsåvidt ikkje noko i vegen for at dei kunne ha vore med, men denne gangen hadde me tenkt oss til sommarstølen for å fiske. Formen er, for å vere ærleg, ikkje heilt på plass med tanke på ei i bæremeis og ei som etterkvart ville ytra høgrøysta ynskjer om å sitje på ryggen. Me fekk imidlertid hjelp med forklaringa frå eit eldre søskenborn: dei skal på slik kjærleikstur :-) Ja, ja, det eine utelukkar forsåvidt ikkje det andre!
Me kom oss avgårde i vått ver og med rennande nasar (begge to var, og er, rimeleg forkjøla), og tilbrakte natta på vårstølen Kveken. Selet der er nett restaurert etter å ha leke vatn ei stund, og er riktig så lyst og triveleg. Biletet over er av taket på eit av dei andre sela, vakkert og mosegrodd.
Eg har store planar om å bruke fjellet og sela flittig, og då skal no vetla og minsten og få vere med - for det meste i alle fall :-) Det er noko eige med dei store viddene, dei enkle hyttene (ingen badstu og steamdusj der nei - men utedo er det!) - fred og ro! Inga mobildekning er det heller, så kjensla av å forflytte seg bakover i tid kan melde seg.
Sambu hadde kjøpt seg ein "hogge-ned-busker-ved-stien"-sak og gjekk inn for oppgåva med liv og lyst. Med såpass lyst fakstisk at eg fant det tryggast å halde meg eit godt stykke bak...Ein einsleg sau møtte oss på Nystølen og veksla mellom glede over å sjå folk, og frykt for det same. Dagen vart aldri så strålande som var lova. Det såg bra ut eit stund, men tjukna så til att. Me fyrte i omnen i selet og kokte oss kaffi før me tok turen til Nystølsvatnet.
Og her er det. Sjølv om fisken hoppa og spratt rundt oss, var det ingen av dei som følte for å hoppe og sprette til kroken, og det tok ikkje lange stunda før me var forfrosne og klare til å innrømme nederlag. Så bar det avgarde heimover. Me var noko nonchalante i forhold til å halde oss på den smale sti i byrjinga, og fann den vel ikkje heilt og fullt att før dei siste 50 metrane før me kom til bilen. Nedatt kom me no åkkesom, og det til to jenter som hadde oppført seg eksemplarisk på overnattingsbesøk hjå besten og mormor.
Javisst er dette det gode liv! :-)

2 kommentarer:

  1. Så koselig å se Nystølen i høstprakt, det er jammen lenge siden jeg var der sist! Du tar så vakre bilder, Randi, det er en fryd å se!

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha Grete! Er innom å oppdaterar meg no, har vore utan Internett leeeenge :-)

    SvarSlett