fredag 24. september 2010

Eit brokete innlegg...

Øktene med innsats frå mi side i dette prosjektet er avhengig av minstens middagslur og snille besteforeldre og tanter som vil passe. Hin dagen fekk eg med meg vetla (som ikkje var særleg vanskeleg å be btw) opp for å male når minsten sovna. Me malte eit strøk inni dei hola i veggen de kan sjå under. Der skal det med tid og stunder stå hyller med dører framfor. Seinare den dagen tok besten seg av jentene og eg kunne få på første "ordentlige" strøk med maling på dei tre veggane som ikkje skal ha gulblomstrete tapet. Bilete fyljer når andre og siste strøk er på plass...
Eg er forresten ikkje så lite fornøygd med at oliventreet mitt trivs på ny plass. Etter ein gul periode etter flyttinga er den no grøn og fin att. Den er no flytt inn i ein kjølig gang for ein litt mjuk overgang til innetilværet i vinter. Vert kjekt å få den inn i stova så eg kan glede med over den utover når eg passerar den i gangen på veg for å male! Der den står ser den noko sørgeleg ut der den kikar ut glaset.
Dagane går som regel i ein viss fart, men av og til, etter vekesvis (kjennest det som) med regn, kan dei kjennast litt lange for ei lita jente. Minsten finn då på mange aktivitetar. Ein av dei er å flytte på klær. Av og til må ein ta seg ein pust i bakken, og her kom ho seg rett og slett ikkje ut att frå korga - men ho smiler likevel :-) Solstrålen min!
I dag fekk me besøk av ein venninne frå jobben med to skjønne små, så no når barna er lagt tenkjer eg det må bli litt raudt i glaset og litt oppdatering på kva som har skjedd sidan sist. Ha ein strålande kveld!

3 kommentarer:

  1. Nei så gøy å finne denne bloggen! Her var det mykje å kjenne seg att i. Godt å sjå at det er fleire som tekjer som oss og forlet storbyen til fordel for eit liv på landet. Me er ein famile på fem som flytta frå Oslo til Sogn i fjor sommar. Me angrar ikkje eit sekund, no driv me å byggjer nytt kårhus på garden, og så skal me pusse opp hovudhuset der me skal bu etterkvart, har mykje planar ;-) Eg kjem til å følge den flotte bloggen din, ta ein titt innom min og, kanskje me kan inspirere kvarandre, :)

    Helsing Ida

    SvarSlett
  2. Hei! Er så morro å følge med på prosjekta dikka i god-bygda! Ventar spent på nytt innlegg!!! :) Ha ein fine kveld! klem

    SvarSlett
  3. Dette var en koselig blog, Randi.

    SvarSlett