mandag 6. september 2010

Fokusbyte

Sjølv om Den store lunsjen (og to mindre i rask rekkefølje:-) er vel overstått, føler eg at eg må ta med litt bilete frå dagen før eg kan leggje den heilt bak meg og skrive om nye bedrifter her inne. So here it goes...
Måtte dokumentere litt før det braka laus, litt artig var det jo at ho skulle til lunsj på vetle Urnes Gard!
Her er bordet klart med forrett og det heile like før det brakar laus. Meny: varmrøykt fjellaure med snøfrisksalat, grava hjortefilet med tytebærrømme og bringebæris med friske bær og kvit sjokoladesaus med vanilje - nydeleg alt saman!
Medan me venta på ei noko forseinka Dronning vart desse to spente blomsterjentene intervjua på direktesending i radio. Vetla er ho i rosa, søskenbarnet i lilla - å så skjønne begge to :-)
Her har dei komme seg til bords, Erik Solheim til høgre for Dronning Sonja.
Og til slutt er føljet på veg ut etter lunsjen. Kvifor dei smiler så lurt? Tre jenter helsar høglydt på dei når dei kjem ut: "Hei" ropar vetla, som tidlegare var noko sjenert. "Hei, der er jo dere igjen" helsar ho tilbake. Vetla har for anledningen bytta kle og går no i t-skjorte, skjørt og langt bunadsforkle...
Ein strålande dag var det på alle måtar og alle var veldig fornøygde då ein endeleg kunne puste ut. Maten sto kokken Joar Søhoel for, og det var elevar ved Luster vgs kokk og servitør som serverte. Då Dronninga var på veg nedover vegen køyrde ho forbi kokken som rydda i bilen. Ho stoppa bilen, rulla ned ruta og skraut av nydeleg mat - når æresgjesten var nøygd får ein seie seg nøygd nokon og ein kvar :-)
Så der - då var det ute av systemet. Her er me i full gang med litt av kvart. Det nærmar seg Bønder i Byen i Bergen og me saftar, syltar, merkar og pakkar for å bli klar til det. Samstundes jobbar me på huset i ledige stunder. Så det er mykje å gjere opp status for framover. Først middag og merking! Ha ein fin kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar