mandag 20. september 2010

The 'yellow' brick road

Forrige tur innom vårt "gamle" hus sto mine to hortensia i full blomst. Dei var så flotte å sjå til der dei sto med enorme BLÅ blomster at eg ikkje hadde hjarta til å la dei begge stå att. Eg lånte meg difor spade hjå naboen (alle mine har jo flytta) og spadde opp den minste. Det kan forsåvidt og forsvarast med at dei to byrja få det trangt om plassen... Då eg så kom heimatt var det å finne ein plass til den. Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å byrje med å anlegge nokre nye bed før eg hadde hatt vinteren til å planlegge, men ting går ikkje alltid som planlagt, og ein plass måtte den jo stå.
Eg har ikkje noko godt "før"-bilete, men heilt til høgre på dette biletet (godt kamuflert av ein hekk i fri oppseding) står Vrihasselen som er å finne på dei neste biletet. Så var det berre å setje i gang...
Planen er lagt, grastorva er fjerna (med god hjelp av min kjære sambuar som er usannsynleg tolmodig og hjelpsam i alle mine prosjekt) og dei fleste blomstrane er komne på plass (planteoversikt føljer). Det er ein god del stein i jorda her, så det er mykje plukk og hakking før hola vert djupe nok.
Så var det i gang med å leggje ut teglstein som kant for å lette arbeidet med plenklipping mot beddet. Me grov ein kanal ein del djupare enn steinane skulle ligge og la sand under.
Her er det ferdige verket. Eller det ferdige verket får me vel først sjå til våren/sommaren 2011 når ting veks opp att og blomstrar, og plenen atter er grøn :-)

Altså: Vrihassel (Corylus avellana 'Contorta') og Stuehortensia (Hydrangea macrophylla 'Blaumeise') er lett synleg. Mellom dei står ulike typar med Praktridderspore (Delphinum) og så er det rosa Haustfloks (Phlox paniculata). Til venstre for Vrihasselen står blå Iris (Iris bulleyana), og til slutt har eg planta ei rekke med Engforglemmegei (Myosotis palustris) forann Vrihasselen.
Då er det berre å vente på vår! Det er imidlertid mykje som skal skje før den tid, så eg er rimeleg sikker på at ventetida ikkje kjem til å opplevast som særleg lang!

Dei tre vekene sambu var heime vart det støypt grunnmur til det vetle "påbygget" og laga hol til oppbevaringsløysinga som skal opp på eit av soveromma. Eg har ikkje tatt bilete av dette enda, men oppdatering kjem snart. No er det berre for meg å køyre på att med maling. Når han kjem heim neste gang er det meir dramatiske ting på plakaten. Se kva som skjer...
Ha ei strålande veke alle saman!

2 kommentarer:

  1. Hei! Så fint det vart! Eg har akkurat laga meg eit litt liknande bed, men ikkje samme plantane da. :) Eg har samme problem(?) som deg med stadig nye prosjekt på gang og eg kjem ikkje fort nok igong heller. ;) Det som er problemet er at visst det blir eit litt for stort prosjekt, så er det eit nytt inni hodet mitt før det forrige er ferdig...då blir det vanskelig å vente!

    SvarSlett
  2. Høyres kjent ut det der ja :-) Og her er prosjektet me er i gang med så stort at ei heil rekke mindre prosjekt trenger seg på. Heldigvis veit sambu å filtrere alt eg legg ut av planar.. No må eg ein tur in og sjå på bloggen din :-)

    SvarSlett