onsdag 27. oktober 2010

Dæven døske

No er det gått over ein månad sidan siste innlegg her ser eg. Det er litt i meste laget forsåvidt, men tida (og kveldane) flyr når ein pussar opp hus gitt! Til mitt forsvar går det så det susar med oppussinga. Me har no fått med oss ein lokal snekkar, og det hjelper på. Eg har heller ingen bilete å syne når eg no endeleg skriv litt sidan eg ikkje har hatt tid til å tømme fotoapparata, og dermed har fulle minnekort. Det må vel snart bli ei råd med både innlegg og bilete...

Ellers går dagane som dei pleier. Me har hatt eit vekes-langt besøk av vetla og minsten sine besteforeldre, vore på informasjons- og inspirasjonskveld på Sørheim, hatt familiebursdag for far og datter og vore på basar i barnehagen -og no ligg vetla strak med feber, kvalme og hovudverk.

Sjølv om det er lite eg får bidratt med ut over å halde dei søte små okkuperte, så kosar eg meg no når det skjer ting. Det har tære på tolmodet (som eg har lite av) å vente på heimkomst og eit skikkeleg innhogg i det som må gjerast. Neste gang sambu reiser ut ventar mykje godt sparkel og malingsarbeide på meg. Sjølv om dette ikkje akkurat er favoritten, er det likevel kjekt sidan det er finishen, og alt plutseleg ser så klart ut når det er gjort.

Me er trøytte for tida. Dagane går i eitt og nettene er til tider urolege (forhåpentlegvis) på grunn av tenner i anmarsj for minsten. Om kveldane sit eg og planleggjer kjøken og ser på ulike løysingar. Eg må innrømme det skal verte kjekt når planlegginga gjeld det andre huset! Eg driv forresten på å undersøkjer litt for å finne ut kor gamalt huset er - må prøve å finne ut historia så godt det lar seg gjere.

No er det imidlertid kvelden kjenner eg på meg. Ha ei fin veke vidare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar