tirsdag 16. november 2010

Frå fargerikt til kvitt

Det går framover på malefronten og, om enn noko sakte. Under er det siste av dei tre romma på loftet av kårhuset. Det hadde tre fargar, vel fem om ein reknar tak og veggar :-) Fire av dei er representert på biletet under (mobilbilete).
Under er eg i full gang med å male det i same fargen som dei to andre romma. Dette rommet har ikkje noko vindu anna enn det i døra så det er eit poeng å halde det i lyse tonar.
 


Under har blomsterrommet fått nytt vindauga...
...og oppbevaringsromma i kneveggen er ferdige, manglar berre knottar.

Bortsett frå litt listemaling og legging av tepper på to rom, er loftet ferdig. Nede er det derimot ein god del med både malearbeid og anna arbeid som ventar. Men det går absolutt framover - og godt er det!

Elles ventar eg ny pc i dag, noko eg gler meg kanskje litt vel mykje til...:-) Kjekt med ny duppedings, og dette er jo favoritten så då vert det ekstra kjekt. Den eg har no har gjort sitt og byrjar bli vel treg i reaksjonen. Og så har me fått litt (blaut) snø i går og i dag, noko eg og ungane har vore ute å tatt i bruk (snøjente og snøballkrig!) Kjekt for både liten og stor med snø.

Ha ein fin og kvit dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar