torsdag 18. november 2010

Gamle dører og fugleføde

Som eg antakelegvis har nemnt ein gang eller to tidlegare er me no i full gang med oppussing av "Bestenhuset". Det er imidlertid ikkje me, men mine foreldre som skal bu der når det er ferdig. Sjølv om forandring i seg sjølv er ganske bra motivasjon for min del, så kan det til tider vere greit med små drypp av det som ventar oss når me skal starte på det som skal verte vårt. Under er nokre av dei gamle dørene som står rundt om i huset og på garden som har vore skjult under plater. Eg vert like begeistra kvar gang ei ny dør syner seg bak forkledninga :-)
 



Dette er to av dørene, og eg har funnet i alle fall to til i huset, og enda nokre på eit redskapshus. Skal berre sjå me klarer å byte ut dei fleste av 70-tallsdørene!

Etter ein tur til Førde, og deriblant Plantasjen, har det stått solsikkefrø og peanøtter på menyen for dei lokale fuglane. Responsen er ernorm! Eg har enda ikkje klart å telje dei.. Det som heng til venstre i treet er sjølvlaga fuglemat av delfiafeitt, solsikkekjerner, linser, kokos, mandlar og hasselnøtter - fuglegodis.

No framover er det julegaver, julekalendarar og julekos som står for tur - ei fantastisk kjekk tid (sjølv om me er forskrekkeleg på etterskot med pakkesangane i år - pleier vere ferdig i oktober :-)

Ei strålande prejuletid til alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar