tirsdag 23. november 2010

Klemetsmesse, Klemmet kyrkjebyggar, båtsok

23.november er første merkedag framover mot jul og er til minne om St.Clemens I, den fjerde biskopen i Roma. Etter å ha vorte fengsla av ein av keisaren sine vener reiv han og nokre medfanger ned dei hedenske templa i Ukraina, der han vart sendt for straffearbeid. Då keisaren fekk vite om dette vart han dømt til døden ved å bli kasta i havet med eit anker rundt halsen. 

På grunn av ankeret vart St. Clemens skytshelgen for sjøfolk, og mange kyrkjer fekk namn etter han. På primstaven er denne dagen nokre stader merke med ei kyrkje og dagen vart der og kalla Klemmet kyrkjebyggjar. Andre stader var primstavmerket eit anker, og dagen vart kalla Båtsok. Den mest spesielle tolkinga er assosiasjonen med å "klemme". Etter ei tid (usikkert når) vart det vanleg at foreldra "klemte" (kneip) att på maten til ungane slik at dei skulle setje meir pris på den gode julematen. Det var ikkje slik at dei ikkje fekk nok mat, men at maten vart enklare framover mot julafta.

Driv og les litt om juletradisjonar og merkedagar no når det nærmar seg advent, og det var ikkje lite dei skulle passe på av tradisjonar og skikkar før. Kanskje eg finn nokre artige skikkar å gjenoppta...:-)

Ha ei fin veke vidare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar