søndag 7. november 2010

Stillstand og full fart forover!

Manglande innlegg kjem av datatrøbbel på mange frontar for tida. Pc'en er treig som tykje (klar for utskifting) og Internett kjem og går etter eige forgodtbefinnande. Me må stole på trådlause forbindelsar som ikkje er til å stole på, og dermed går og jakta på ny pc seint... Som om ikkje dette er nok så kjenner ikkje datamaskina att fotoapparatet ELLER minnekortet når eg prøver å leggje inn bilete, så dermed må illustrerte oppdateringar på prosjekt "Bestenhus" vente litt. Eg følte difor for å illustrere andre ting :-) Over er ein kranebil i full gang med stillasarbeid på kyrkja. Ho skal få tårnet sitt retta opp og ny tjøre på i løpet av vinteren, og då må det stillas på plass. Venta liksom på at heile bilen skulle velte - men det gjorde den altså ikkje.
Over litt stemningsbilete, ein rosa kveld på Ornes.

Når det gjeld oppussinga av kårhuset, eller "Bestenhuset" som me kallar det, så går det strålande. Me har fått gjort mykje no i heimeperioden til min kjære sambuar. Vindauga er skifta, stove og kjøkken er klar for maling og det same er soverom nede. Oppe er soveromma malt og det er klart for listemaling og teppelegging. Tillbygget er godt i gang og gang og bad er ribba og klare for det som skal oppatt. No når har reiser til sjøs att er det mykje jobb for meg med maling, sparkling og finisharbeid. Kjekt når ting går framover :-)

No skal me snart på kino med vetla før eg og sambu skal ha eit lite hotellopphald der båten går i frå i morgon. Ha ein fin søndagskveld alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar