søndag 12. desember 2010

Juleførebuing light

Sidan me bur på ein midlertidig plass med berre ein brøkdel av innbuet utpakka vert årets julepynting og førebuing noko redusert - me tek det ikkje så alvorleg kan du seie. Ganske behageleg på ein måte, samstundes som eg gler meg til å kunne julepynte som vanleg att neste jul. Enn så lenge får me berre ta med oss det positive med denne varianten :-) 
Etter eit opphold i oppussinga er me klare til å kjøre i gang att med litt småtteri før jul. Dersom ting skal gå etter planen må me få støypt baderoms- og ganggolvet så det får tørke. Elles er det malearbeid og golvlegging som står på programmet. Ser at me ikkje kan ha dei heilt store forventningane til kva me får gjort no i løpet av dei to korte vekene før jul...
 Blogginga er og i eit "light"-modus for tida, og har vore det i ei tid no. Det er noko på grunn av elendig Internettforbindelse, men og at eg rett og slett ikkje har tid. Det er mykje anna som skal gjerast, og det er ein del styr om ein i tillegg skal dokumentere det med fotografering og så skrive om det seinare. Eg lurer på korleis dei verkeleg ivrige bloggarane rekk alt saman..?
Me kosar oss i alle fall vidare med vår light-førebuing og ynskjer ei fredeleg og fin adventstid til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar