torsdag 6. januar 2011

Brannslokking

Brannslokking sidan det er slike innlegg det har vorte her inne i det siste. Samandrag av kva som har skjedd, utan bilete av relevans, for kronologien si skuld. Bileta har, om ikkje anna, relevans til overskrifta... Ei opprydning i kjellaren vart til fascinerande motiv for ein hobbypyroman :-)                                          
Då var jula vel overstått og kvardagen godt i gang. Min betre halvdel er i gang med ein ny uteperiode, og vetla har hatt sin første dag i barnehagen etter juleferien. I dag er heimedag, noko minsten set pris på, og me har så langt baka muffins og vore ute i snøen og leika. No er ein god del muffins fortært og minsten tar seg ein liten kvil. Eg var godt i gang med litt hurtigrydding, men så var det andre ting som kalla :-) Som ein litan oppdatering her inne. Det er lenge sidan sist, - noko eg minnast eg skreiv forrige gang og, og sant å seie har eg hatt lite lyst til å skrive noko. Det har vore kjekkare å gjere andre ting om dagane og kveldane. No er imidlertid Internettforbindelsen i orden, og då vert det med ein gang kjekkare!

I perioden som var skjedde det ein del, men naturleg nok gjekk det mykje tid vekk til å kose seg med jul - som det skal vere. Me har fått støypt golv i gangen og på badet, stova og kjøkken er sparkla og måla første gang og me har lagt teppegolv på soverommet oppe. I morgon ventar me elektrikar igjen, så får me sjå kor mykje som skjer då (det er mykje som står på lista...).
  
Framover vert det ei spanande tid. Me er endeleg klare for å legge huset vårt på Sotra ut for salg, og annonse vil komme i bilag til BT på fredag om ei veke. Sidan vert det visning eit par dagar seinare. Eg har tenkt meg ein tur i dei dagar for å ta ein siste finpuss før visning, måke litt snø og slikt. Veit ikkje om eg har lyst å vere i område under visning, tenk om det ikkje kjem nokon??? Eigentleg er det ikkje noko som tilseier noko slikt. Det er allereie fleire som har meldt si interesse for huset (sjølv om det kan vere dei ikkje har hatt tid til å vente på slike somlekoppar som oss :-), og det er få hus til sals i området. Eller så kan ein lese om boligmangel og høge prisar rett som det er, så det går vel helst bra. Spanande vert det okke som!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar