onsdag 26. januar 2011

Hobbydatering

Huset me skal bu i, når den tid kjem, er gamalt. Det ser ikkje slik ut i dag, men me har tenkt å hente fram att noko av dette gamle i form av tømmerveggar, tregolv, og stilriktige dører og vindauga. For å bruke stilriktige noko som helst, bør ein helst vite kva som er den rette stilen. Me er heldige og har nokre bilete frå før husmorvindauga si tid. I tillegg har eg funnet att gamle dører kamuflert bak platene som var så populære på eit eller anna tidspunkt. Laftinga seier og noko om når det vart satt opp, så her er det eg har funnet så langt - og alt peikar stort sett i same retning - Empire 1800-1830.

Laftinga i huset er enten sekskanta eller stabelnov i henhold til illustrasjonen over. I alle fall der eg har fått eit glimt av endane utan dei heilt store inngrepa (det spørst om ho mor vil seie seg einig i det...). Dette var slik dei gjorde det på 1600 -1700-talet.    

Vindauga på gamle bilete er slik som dei heilt til høgre over, krysspostvindu. Karmane ute hadde dråpeforma avslutning. Under er eit eksempel på vindauga (har ikkje scannaren i orden, så kan ikkje syne eksempel frå huset). Listene var ikkje som dei under.  

Dørene eg har funne, og sett bilete av, er som dei under, nokre med grønfargen som var så typisk for Empirestilen.
Ytterdøra har eg ikkje sett bilete av, men om me skal halde oss til Empire så er det noko slikt som dei under me må jakte på.
Alle bileta over er henta frå http://www.gamletrehus.no/.

Bileta under er imidlertid henta frå mitt "før" album, tatt på ein grå dag.. Ikkje mykje som vitnar om eit hus frå tidleg på 1800-talet (i henhold til mi amatørdatering :-))

Gledar meg til å ta fatt på oppussinga her! Me kjem til å ta oss god tid. Først ute vert som sagt kjøkenet. Taket var forresten valma på eldre bilete, men eg veit ikkje om det vert aktuelt å rekonstruere det - time will show...


4 kommentarer:

  1. Det blir spennende, Randi! Dere er heldig som kan sette igang dette. Jeg er overbevist om at du får det til, og at garden ikke blir til å kjenne igjen når du er ferdig med den. Du er jo heldig, også da!

    SvarSlett
  2. Eg er heldig, ja :-) Gler meg veldig til å setje i gang!

    SvarSlett
  3. Spennende at du "graver" litt i historia til huset. Da jeg fant de gamle tegningene til huset vi bor i nå, ble jeg rett og slett litt småforelska. Fikk jo da se hvordan huset hadde sett ut før:)Huset vårt er snart 100 år og har ikke tømmer i veggene men stående tjukk plank....bare ungdommen i forhold til huset ditt;)

    Mye jobb som gjenstår for dere, men utrolig mye gøy underveis:)

    SvarSlett
  4. Det er kjekt med eldre hus, ein får liksom eit forhold til det med ein gang - det er så mykje historie der :-)

    SvarSlett