mandag 17. januar 2011

Hussal og vin!

Champagnen får vente til eg kan skåle med min betre halvdel, men vin vert det! Mandag vart det lagt ut på finn.no, fredag var det i avisa, søndag var det visning og mandag (i dag!) vart det solgt. Det går unna på eigedomsmarknaden... Men; me er fornøygde og det trur eg kjøparane var og, så då er det berre velstand :-)

Vetla og minsten har vore med besteforeldre og tanter medan eg har vore vekke, og det har gått strålande. Gjensynsglede var det heldigvis likevel - i slike mengder at ein vert varm inn til hjarterota. No vert det kontraktsmøte, så mest truleg vert det ein repetisjon på tur-retur Sotra innan kort tid. Håpar på noko betre vèrutsikter enn det har vore i dag..!

Ein anna post på avslutninga av vår tid i Bergen vest var å seie opp jobben eg har hatt sidan 2003. Det var forsåvidt svært udramatisk. Sidan permisjonen med minsten har eg stort sett vore ute i utvida permisjon, og alle har vore klar over kvifor - for å prøve ut livet på landet. Så oppsigelsen kjem nok ikkje som noko stor overraskelse.

Litt vemodig skulle ein og tru det var å selje hus, seie opp jobb.., men prosessen har vore så lang at det no mest er ein lettelse å få avslutta den delen slik at me kan vie all vår merksemd på det nye.

Ein bra dag med andre ord. SKÅL!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer så masse med salget! Er godt når ting skjer så kjapt!

    SvarSlett
  2. Gratulerer som huslaus på Sotra.. ;-) SKÅL!

    SvarSlett