mandag 24. januar 2011

Kjøkenplanlegging

I eit forsøk på å vere ute i litt god tid går det mykje i kjøkenplanlegging her for tida. Det kan bli i meste laget sjølv for meg som tykkjer slikt er fantastisk kjekt... Denne gangen tenkjer eg at no må det jo verte perfekt sidan me skal leve med det lenge. Eit umenneskeleg press :-) 

Då er IKEA god å ha med kjøkkenplanleggaren i 3D. Men mogelegheitene er framleis uendelege - virkar det som (sjølv om dei sjølvsagt er så langt derifrå). Eigentleg er det nok med eit par - tre variantar for å gjere avgjerdsla vanskeleg nok! 



Ja, ja, enda er det tid. Foreløpig jobbar me (tidvis) på spreng med å få kårhuset ferdig slik at me kan til med flytting. Det er tusen små- og store ting som står att enda, men etter neste heimetur har eg tru (og håp) om at ting skal falle litt på plass. Kjekt skal det i alle fall verte å kunne flytte ut av leilegheita me bur i for tida. Den fungerer greit, for all del, men det er no ein gang midlertidig.

Medan eg skriv dette er snekkaren vår i full gang med å plate veggande i gangen med ferdigmala huntonittplater. Då vert det jo ferdig i ein fei :-) Før helga la han takplater på badet og i gangen, så det skjer jo litt her.

UTOLMODIG! Og spent :-)

1 kommentar: