mandag 31. januar 2011

Listemaling...

Her går det i maling. Kjedeleg maling. Først taket og no lister - i lange baner! Eg har spart det kjekkaste til (foreløpig) slutt, nemleg veggande i stove/kjøkken. På den måten vil det bortimot vere ferdig når eg har malt veggande, berre på med listene og så er vert det fint med ein gang :-)

Folk lurer på korleis det er med motivasjonen når me pussar opp eit hus me ikkje skal bu i sjølv. Merkeleg nok går det heilt greit. No hjelper det på motivasjonen at når me er ferdige med det huset så kan me endeleg slutte å bu midlertidig og flytte inn der me skal vere. Dermed aukar motivasjonen proposjonalt med at me vert meir og meir lei av å "bu i kassar".

I morgon skal me prøve å få på plass maling og fliser, og kanskje kjøkkengolv om me er heldige..

Men no er det kvelden -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar