mandag 21. mars 2011

Rydd og kast

Helga, og delar av veka, har gått med til å rydde, kaste og flytte på ting. Frå gamlehuset til bestenhuset, frå leiligheita og garasjen til gamlehuset og frå gamlehuset til garasjen. Masse flytting med andre ord! Me har fått sortert og kasta ein heil masse, og det byrjar verte veg i vellinga i 2.etg. 3 soverom er for det meste tomme, medan bad og siste soverom nesten må vente litt. Eg har og fått prøvd ulike møbleringsvariantar i stova, så no er eg rimelig sikker på korleis det må verte når det er "alvor". Eg skal imidlertid ikkje sjå vekk i frå at det kanskje vert flytta på ting ved seinare høve og... ;-)

Akkurat no er det litt på hovudet her og der, men snart skal eg ta litt etterbilete i bestenhuset. Og førbilete i gamlehuset.

Elles siklar eg litt på ei isblå Kitchen Aid-maskin for tida. Eller ei stund siklar eg, i neste er eg fast bestemt på å ikkje gi etter for slike impulsar. På den eine sida er den veldig flott og kan difor stå framme - praktisk! På den andre sida er den å finne i kvart einaste interiørblad, og då har ting ein tendens til å miste litt av "glansen"... Kanskje når den er gått av moten att? Då vert den nok å få til ein rimelegare penge og :-)

Ha ei fin veke alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar