søndag 13. mars 2011

Statusrapport i Bestenhuset

Lenge sidan eg har hatt tid til å oppdatere her inne. Var i gang med eit innlegg, men rakk ikkje å publisere det... Denne statusrapporten er dermed status for ei tid tilbake :-) Om ikkje eg fekk gjort så mykje her inne, så var me desto meir aktive i oppussinga. No er me komne så langt at det stort sett berre er kjøkkenmontering og litt elektrisk att innvendt. Eg har ikkje komme så langt i biletetakinga, men tenkjer at når det er så nærmt ved å vere ferdig, så ventar eg heller med litt fleire bilete til alt er klart.

Under er nokre før - og for-ei-stund-sidan-bilete...





Om litt skal de altså få sjå det ferdige resultatet!

Elles gledar me oss stort til å flytte på oss snart. Det er ikkje lenge me er i leiligheita om morgonen før vetla og minsten er ute av døra og på veg ned til det som skal verte huset vårt om ei stund, men altså enda er huset til "mormor" og "besten". Kanskje det gjer prosessen med flyttinga litt lettare - tanken på endeleg å få fred og ro :-) Spøk til side så trur eg dei tek det med fatning, kanskje til og med med litt forventning? Fint vert det i alle fall, så får me tru dei vil trivast.


Må ta med eit lite statusbilete utanifrå og. Dette er og tatt for ei tid tilbake, men ulikt interiørbileta så stemmer dette dessverre enda. Me ventar veldig på våren både store og små. Skigleda har dabba litt av, og ei tid utan vinterdressar, snø i gangen og snørrete ungar fristar!

Apropos skiglede - den var så absolutt tilstades for litt sidan då me hadde vinterferie saman med søskenbarn i Hemsedal. Etter ein halv dag på leigde slalomski var tøffare enn togen, vetla. Ho har stått ein del på langrennski, men aldri på slalomski, så du kan tru me var stolte :-) Siste kvelden var ho med faren på kveldskøyring der dei tok heisen til topps og køyrde nedatt. Ho er tøffare enn eg var på mine første turar, det er heilt sikkert! 

Mens me ventar på våren - ha ein strålande søndag! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar