lørdag 7. mai 2011

Grand opening og hageprosjekt

Eg må seie - eg har aldri arbeidd så mykje før som no då eg på papiret ikkje arbeider. Likevel får eg ei veldig trang til å forklare meg når folk spør om eg arbeider. Det er ikkje lett korkje for meg eller andre å ta inn over meg/seg at det fins andre måtar å arbeide på enn å vere ansatt. Det kjem vel etterkvart. Kanskje kjem det i løpet av vår første sommaren med drifting av kafé og overnatting - kanskje kjennes det meir som "orntleg" arbeid då.   

 Kanskje årsaka til at eg ikkje ser på det som arbeid mykje av det eg gjer no, er at eg likar å drive med det :-) Og så skal det seiast at mykje av det eg gjer ikkje har noko med korkje gardsdrift eller anna drift å gjere - berre pynt! Hagen er jo eit opplagt fokusområde for tida. Varmt og tørt som det er treng den ein del merksemd. I tillegg er det ein god del prosjekt på gang. Lavendelen er sådd og skal på sikt verte lavendelhekk i rosebeddet, som nyleg vart lagt brakk og etterkvart skal gravast og og fyllast att med ny jord.
 Busker og plantar skal plantast ut og plantast om, kjøkkenhagen skal horvast, gjødslast og ordnast for poteter og andre grønnsaker, bed skal gravast og og kantast, gjødslast og vatnast. Nye bed vert planlagt, gamle bed vert justert og forbetra/endra. Mykje kjekt arbeid!
 Ein liten gjeng Skogskjegg skal verte til ein liten  hekk forann terrassen. Den eine vert redda frå ein skrinn plass på berget, dei andre er utflytta strilar.
 I tillegg til planteprosjekt har me og andre.. Inngjerding har stått høgt på lista, og endeleg kan me puste litt ut før sommaren og storinnrykket av meir eller mindre hastige bilar. Enda gjenstår ein del maling og ei løysing på stolpane rundt porten, men det viktigaste er på plass!
 Medan gjerdet på nedsida av driftsbygningen er meint å halde ungane inne i hagen, er gjerdet på oppsida meint å halde turistar ute. De må ikkje misforstå, me likar turistane (ganske vesentlege for drifta av Urnes Gard), men det er greit å ha noko som er privat når det er folk på alle kantar heile sommaren. Dessutan vart den ganskje så fin og syns eg ;-) 
 Om ein ser vekk frå hagen ei stund, så fell ting på plass her litt etter litt. Snart er eg ferdig med eit engasjement som tok ein del meir tid og krefter enn det eg hadde tenkt -eller så tok andre ting meir tid enn tenkt... I alle fall vart summen i meste laget. I tilleg byrjar ting å finne sin plass i det "nye" huset, med god hjelp :-) Det er ikkje lenger det komplette kaos og det gjer godt for systemfreaken i meg!
Neste prosjekt vert først utomhus (taket) og så innomhus når min sambu kjem heim - då er det nemleg kjøkkenet som står for tur. Og me får hendene fulle. Golvet skal slipast og malast, eventuelt erstattast dersom det ikkje er i god nok forfatning. Veggar skal strippast for å få fram byggja, det skal setjast inn nytt glas (slik det var før), gamal innredning skal ut, ny skal inn. Sjølv om det skal verte fantastisk kjekt å få satt planane ut i live og kunne kokkelere på nytt kjøkken, så er nesten det beste med å bli ferdig at me då skal ta ein oppussingspause ei stund. Då kan me konsentrere oss litt om andre ting, skulejenta vår for eksempel! Like sprøtt kvar gang å tenke på at vetla skal på skulen til hausten....

Det vart langt, leeenge sidan sist. Kanskje oftare og mindre er betre :-) Ha ein fin kveld vidare!

1 kommentar:

  1. Flinke søster! Kjekt med ei med teft for hage"stulling" i nabolaget.... "Når det regnar på presten, dryp det på klokkaren", som det vert sagt!..

    SvarSlett