søndag 29. mai 2011

Kjøkkenoverraskelsar

Endeleg skjer det noko! Eller, det vert vel litt feil - det skjer forsåvidt nok heile tida. Me har byrja på kjøkkenet, og det har eg gleda meg til lenge. Eg har vore spent på kva me ville finne under lag med tapet, plater og golvbelegg, og no veit eg det...


 Isolert med mose, som vel var tingen i "hine hårde dagar".
 Oppunder taket fann me ein liten listebit! Eg har berre sett listene her på bilete, så no har me noko konkret å lage nye lister etter.
 Det er flott bjelkar under taket, så no er spørsmålet: å isolere or not to isolere...
Under belegg og nytt lag med plankar fann me det gamle golvet. Ved sidan av døra ligg det ei steinhelle, og under er det isolert med sand.

Utruleg kjekt å vere i gang! No svirrar ulike valg som må takast rundt i hovudet. Me har mykje jobb forann oss, men gler meg både til det og til å sjå det ferdige resultatet. Nytt vindauga er bestilt, og kjøkkenet kjem i neste veke. Det vert nok litt i tidleagaste laget for direkte plassering tenkjer eg :-) 

1 kommentar:

  1. Spennende prosjekt dere har :)
    Mye jobb og mye kos.
    Ønsker deg en fin dag. :)

    SvarSlett