tirsdag 7. juni 2011

Eit puslespel

Veggane er på plass, og dei hola som skal tettast er for det meste tetta. Under ser ein veggen i frå gangen. Gangen har me ikkje gjort noko med, reknar med å legge varmekablar og male (!) når den tid kjem.  
Det var eit veldig puslespel å få dei nye stokkane saman. Dei vart stabla opp og ned ganske mange gangar før dei vart ståande, men så vart det og veldig bra til slutt. No høyres det ut som om det tok veldig lang tid det her, men det gjorde det ikkje. Tre (lange) dagar og jobben var gjort.
Her er det satt inn stubbar mellom glaset og trappa. Glaset er forskjøvet littegrann i tillegg til at det vert litt mindre.
Eit lite førbilete...
Og så eit no-bilete! Er veldig fornøygd med resultatet, vart mykje betre enn eg hadde forestilt meg. Lengst til høgre på veggen skal det vere ei dør med glas i og evt glas over døra for å få inn mest mogeleg lys.
Det går stadig på fram her, og enda er eg ikkje heilt ajour med blogginga. Kjekt når det skjer så mykje :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar