tirsdag 7. juni 2011

Endeleg golv!

Du verden så godt det skal bli å kunne gå på normalt vis gjennom kjøkkenet att i morgon. I går kveld dreiv den tilsynelatande utrøyttelege sambuaren min på til kl 2356 med å støype ned strykelekter til dagens golvstøyping.
Når tørt leirestøv var dekt av isopor starta jobben med å vaske ned huset. Eit meir eller mindre tjukt lag med støv ligg over alt og har gjort det ganskje så utriveleg her i nokre dagar. No går det mot lysare - og reinare - tider!
Golvet vart støypt på null komma niks i dag, og no i kveld er det allereie relativt tørt. Det vil seie at me frå i morgon kan gå frå stova via kjøkkenet til bad, gang og soverom utan sko - JIPPI!
I morgon ventar malinga på meg. Eg er igang med å male arkar medan det framleis er framkommeleg på taket, men kjekt er det ikkje. Håpar på fint malever og grilling til kvelden!

2 kommentarer:

  1. Så moro! Kan tenke meg dere gleder dere til å bli ferdige!! :)

    Tipser om GiveAway hos meg!
    Ha en fin kveld!
    -Mari

    SvarSlett
  2. Oi, oi her går det unna. De er jammen effektive! Artig å sjå!
    Skreiv ein kommentar på eit innlegg som var umuleg å få inn... Eg følgjer med kva som sker uti fjorden, veit du ;-)
    Flinke folk!!

    SvarSlett