onsdag 29. juni 2011

Grunning og vatn

Det går mykje i vatn for tida. I store mengder. Byrjar så smått å bli litt versjuk, kjenner det att frå tida som stundent i Bergen :-) Vil tru minsten og vetla og føler litt på dette, det er tøft for så aktive ungar å ikkje få springe av seg så mykje som dei pleier. Eg innrømmer det gjerne, eg er ikkje FULLT like ivrig etter å komme meg ut slik det har vore dei siste dagane....
Så det er blitt litt innearbeid. Rydding (konstant og utan noko særleg virkning utover dei første 5 minutta) og maling/flikking for det meste. Har no grunna byggja, og flikka runde nr. 2 med Tec7 og sparkel i dag. Dermed er det klart for maling i morgon, første strøket med den 'orntlige' malinga - vert spennande! Vart veldig mykje lysare med dei kvite veggane, og sjølv om den endelege fargen ikkje er kvit, så vil nok effekten stå.
Elles går dagane sin vante gang. Leverte og henta i dag i barnebursdag i Solvorn med ohh'ing og ahh'ing over store elvar og fossar på vegen. Litt av nokre krefter som er i sving!
No er imidlertid klokka alt for mykje, så det er på tide med litt sengetid. Ha ein fin veke vidare :-)

1 kommentar:

  1. skikkeleg oppussingsvær... høyrer de begynnar å få nok regn heime no ja..... Blir morro å male med "ordentlig farge",og morro å sjå! :)
    Ha ein fin dag! klem BK

    SvarSlett