mandag 6. juni 2011

Let the healing begin

Kor var me... Jo! Støv! Slik vert det altså når ein riv vekk botnen i eit hus. Neste post på programmet er å reparere laftingen der det har vore dører og vindauga og andre hol.
Apropos hol. Dette gjorde meg aldri så lite ukomfortabel ei stund. Dette er eit hol ned til pumpekjellaren. Der inne bur det SVÆRE edderkoppar...har eg høyrt. Eg kunne aldri tenke meg å gå ned dit, og no har me altså åpna heimen vår for dei - bokstaveleg talt.  

Til å hjelpe oss med laftinga har me fått ein fantastisk flink kar med sans for detaljar. Her er det antakelegvis tankeverksemd på høgare plan som foregår :-)
For øyeblikket er det åpen løysing ut til gangen. Ein kjekk bieffekt av at veggen vert reparert i kjøkkenet er at det vil bli ein tilsvarande flott vegg i gangen. Tømmeret som skal på plass i hola kjem frå huset til søstra mi og sambuaren hennar som fjerna ein vegg då dei restaurerte sitt hus nedi bakken. No får dei altså nytt liv i nabohuset.
Her er dei i god gang med området rundt glaset der det tidlegare var ei dør. I tillegg skal glaset bytast ut med eit som er 30 cm smalare. Heilt til høgre ser ein veggen dei allereie er ferdige med.
 Tilpassing...

Og korleis vart resultatet? Det kjem, det kjem :-)

1 kommentar:

  1. Så spennende med oppussing! Får håpe dere ikke får alt for mange edderkopper på besøk!! :)

    Ha en fin dag!
    -Mari

    SvarSlett