tirsdag 14. juni 2011

Litt tak og ein tur rundt fjorden

Då er me kommet litt i gang med taket. Det vert perlestaff mellom bjelkane, og me ser allereie at det kjem til å gjere mykje for lyset i rommet. No ventar eg på 50 m med lister som skal vere i alle dei små "bjelkeromma". Det skal gå kjapt og greit det når eg berre får rydda meg plass til malinga inne på kjøkkenet.
Etter taket vert det å fortsette med klargjering av veggane. Dei skal reingjerast og tettast i sprekkene der desse er åpne inn mot mose. Tettinga kan vere greit både for at det ikkje skal drysse, men og for å unngå fine gøymeplassar for fluger...

I dag har me vore på avslutning for skule og barnehage. Tenke seg til, to dagar att med barnehage og deretter er det skule neste! Etter ein god sommarferie med litt sol - forhåpentlegvis :-) Det var grilling og leik i ein drøy time før me vende nasen heimover. I dag har det med andre ord vore gjort lite konstruktivt på kjøkkenfronten, men desto meir på familiefronten. Eg tek det i meg av og til når eg syns det vert vel mykje husjobbing og me titt og ofte set dei rundt om kring til besteforeldre og tanter, at sjølv med alt me har å gjere for tida så ser me dei mykje, mykje meir enn me hadde gjort om me hadde budd der me budde før, og gjort det me gjorde før.  

Så me har ikkje fått kalde føter enda, me trivst veldig godt alle saman trur eg, og då er alt vel :-)

1 kommentar:

  1. Hei, ser du har arbeid med og pusse opp huset, det blit fint, fant bloggen din tillfeldig, følger dæ videre, koselig om du følger mæ og, hilsen Lisbeth :O)

    SvarSlett